Ettersyn med gjerde
Fjelloppsynet fører fortløpande tilsyn med at gjerde blir vedlikehalde og er i ein slik stand at dei ikkje er til fare for beitedyr eller vilt. I statsallmenningane våre er det omlag 190 seter- og tilleggsjordfester og nokre fritids- eller næringsfester som har løyve til å halde areal inngjerda. Ved kontroll er det fyrst og fremst dyrevelferdslova § 15 og mattilsynet sine retningslinjer som blir lagt til grunn. Nedklemde gjerde, nedgrodde gjerde, dobbeltgjerder (dobbelt lag med trådgjerde), laus piggtråd, dobbel piggtråd og laus tråd og/eller laust trådgjerde blir rapporterte.
I år har vi nytta den lange hausten til eit systematisk ettersyn, og har med unntak av Sålell, Foss og Smådalen kontrollert alle gjerde på statsalmenningane våre. Ettersynet har resultert i 25 rapportar der vi meiner at gjerdet er i ein slik tilstand at det er til fare for beitedyr eller vilt.
Saksgangen for dårlege gjerde er som fylgjer: Vi rapporterar til Statskog SF som er grunneigar og har gjeve løyve til inngjerding. Statskog SF kontaktar rettigheitshaver/fester med pålegg om oppretting eller alternativt fjerning av gjerde innan ein frist. Dersom fristen ikkje blir overhelde blir saka sendt vidare til mattilsynet for oppfølgjing.
Med aukande attgroing, stor trafikk av vilt og snørike vintrar har vi forståing for at det kan være utfordrande å halde gjerde. Allikevel er det eigar sitt ansvar og plikt å ta hånd om dette innan rimeleg tid når våren kjem. Vi har dei siste åra hatt fleire tilfeller av beitedyr og vilt som har sett seg fast og døydd i dårleg vedlikehalde gjerde.