Stønad frå fjellkassa
Fjellstyret kan løyve midlar til ymse formål etter føresegnane som er gjeve i §11 fjellova: “Fjellstyret avgjer ved vedtak korleis overskot i fjellkassa skal nyttast. Er overskotet større enn det som trengst til tiltak innan allmenningen, kan det av det overskytande løyvast midlar til føremål som tek sikte på å styrkje næringsgrunnlaget i dei bygdene som har rett til allmenningsbruk. Med samtykke frå departementet kan det òg løyvast midlar til allmennyttige føremål i desse bygdene.”
Fjellstyret ynskjer i utgangspunktet å behandle søknader samla, men vil ved særkskilde høve kunne fråvike frå denne praksisen. Søknader blir vanlegvis behandla på møte i juni.
Søknad skal innehalde:
-Kva søknaden gjeld
-Når tiltaket skal gjennomførast
-Oversikt over kostnader
-Finansieringsplan
For søknader om tilskot til tiltak- eller drift av vegar i allmenningane blir det stilt krav om at rekneskap for siste år skal følgje søknaden saman med saldoutskrift ved årsskiftet.
Søknad skal sendast til lom@fjellstyrene.no
Grunneigarfondet
Grunneigarfondet blir administrert av Statskog SF og søknad om stønad skal rettast til dei.
Hovedgrupper av tiltak som støttast handlar om
å bidrage til lønnsom næringsvirksomheit og videreutvikle eksisterande arbeidsplasser
infrastruktur som indirekte bidreg til utvikling av lønnsame arbeidsplassar
tiltak som innebærer verdiskaping eller bevaring av verdier av samfunnsmessig art, for eksempel kulturminnevern
For meir informasjon om søknad, adresse sjå nettsidene til Statskog SF her.
Søknadsfrist er 1. februar. I 2021 var det avsett 5 millionar.