om Småviltjakt
Statsallmenningene i Lom ligg for det meste i høgfjellet med mange høge fjell og tronge dalar, men også slake u-dalar og flyer.
Det er mest lirype og fjellrype det blir jakta på i statsallmenningen. Rypebestanden har dei siste åra vore varierande og tiltak som freding av områder, avgrensing i sal av kort og dagkvote har vore brukt for å regulere jaktrykket.
Det blir selt kort for harejakt med hund. Bestanden av hare er bra, og det er til dels brukbart med orrfugl i enkelte områder/år. Vi sel jaktkort for smårovilt og har opna for eit begrensa kortsal for revejakt med hund til utanbygdsbuande. Løysing av jaktkort for småvilt eller smårovvilt gjev rettigheitshavers løyve til lisensfelling og/eller kvotejakt etter ulv, bjørn, jerv og gaupe.
Rypejakta startar 15. september. Det blir seld eit avgrensa antal kort i perioden 15.-29.september. For utanbygdsbuande utan hund blir det selt 150 5-dagars kort i den regulerte perioden - 50 kort pr periode i tre periodar. Deretter vil det vere muleg å kjøpe dagskort gjennom Inatur om ikkje anna blir bestemt. For utanbygdsbuande med hund blir det selt vekeskort frå 15.-28 september, 10 kort i kvar periode i felt A, 5 kort i kvar periode i felt B. Deretter blir det ikkje selt hundekort.
Jaktkorta blir seld gjennom Inatur. Jaktkort i regulert periode blir lagt ut etter gjennomført taksering, og seld etter “fyrste mann til mølla” prinsippet. Salgsidene blir opna på oppgjeve tidspunkt i fyrste del av september, eksakt tidspunkt blir kunngjort på heimesida seinast ei veke før.
Jaktkort for harejakt med hund for utanbygdsbuande kan også kjøpast på Inatur.
Meir om jaktreglar, jaktmåtar og jakttider finn du på Inatur nedanfor.