Stønad frå fjellkassa.

Lom fjellstyre løyver årleg tilskot frå fjellkassa. Kor stort beløp som kan løyvast, er styrt av kor stort eit eventuelt overskot i fjellstyret er. Fjellovas § 11 styrer kva pengane kan brukast til.

Fjellova §11, 3.ledd: “Fjellstyret avgjer ved vedtak korleis overskot i fjellkassa skal nyttast. Er overskotet større enn det som trengst til tiltak innan allmenningen, kan det av det overskytande løyvast midlar til føremål som tek sikte på å styrkje næringsgrunnlaget i dei bygdene som har rett til allmenningsbruk. Med samtykke frå departementet kan det òg løyvast midlar til allmennyttige føremål i desse bygdene.”

Dei siste åra har det m.a. vore løyvd tilskot til beitelag, setervegar, sperregjerde i Leirdalen, fugleobservasjonstårn ved Tesse m.m.

Søknad om tilskot frå fjellkassa skal innehalde beskrivelse av tiltaket, kostnadsoverslag, finansieringsplan og når tiltaket er tenkt gjennomført. Om fjellstyret treng meir utfyllande informasjon, vil søkjar bli kontakta. Søknaden kan sendast til Lom fjellstyre, Brubakken 2, 2686 Lom, eller helst på e-post til lom@fjellstyrene.no, innan 9 .desember.

Åsmund Galde