Jakt på smårrovvilt - jakkortordningar
Eiga kortordning
Lom fjellstyre har eit eiga jaktkort for smårovvilt (link). Kortet gjeld for jakt på desse rovviltartene: raudrev, mår, røyskatt, grevling, nøtteskrike, skjære, kråke og ravn samt dei artene det er jakttid på heile året. Jakttida fylgjer dei offentlege jakttidsramene. Rovviltkortet gjeld på Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- og Bøverdalen statsallmenning. Roviltkortet gjev rettigheitshavers løyve til å utøve lisensfelling og kvotejakt etter jerv, ulv, bjørn og gaupe. For innanbygdsbuande gjev kortet løyve til bruk av drivande hund for jakt etter rev i tida 11. oktober til 31. mars.
Felles kortordning
Det er oppretta eit felles smårrovviltkort. (link) Dette er ei jaktkortordning som er forbehalde innanbygdsbuande i Lom. Jaktkortet gjeld for allmenninngane forvalta av Lom fjellstyre, Lia grunneigarlag, Vårdalen utmarkslag, Vårdalen grunneigarlag, Meadalen grunneigarlag, Bøverdalen østside, Bøverdalen solside, Runningane grunneigarlag, Sula-Driva grunneigarlag, Lomseggen sameige og Skim grunneigarlag.
Jaktkortet gjeld for jakt- og fangst av artane raudrev, mår, røyskatt, grevling, nøtteskrike, skjære, kråke og ravn samt dei artane det er jakttid på heile året. Jaktkortet gjev samstundes grunneigars løyve til lisensfelling- og kvotejakt på jerv, gaupe, bjørn og ulv. Jaktkortet gjeld for jakt utan hund, og er forbehalde innanbygdsbuande i Lom kommune. Elles fylgjer ein dei offentlegrettslege reglane og jakttidsramene som til einkvar tid er gjeldande for den enkelte art. Jaktkortet gjeld for utmark. For jakt på innmark krevst det særskilt løyve frå den enkelte grunneigar. På statsalmenningene er jakt på innmark tillate, men det skal skje i dialog- og med omsyn til seter/beitebrukerar. Jeger pliktar gjennom jaktutøvinga å syne særleg varsemd til beitebruk, storviltjaktutøving- og andre brukarar av utmarka.
Felles skotpremieordning
Skotpremieordninga gjeld for fangst- og felling på arealet til Runningane grunneigarlag, Bøverdalen østside grunneigarlag, Sula-Driva grunneigarlag, Lomseggen sameige, Meadalen grunneigarlag, Bøverdalen solside grunneigarlag, Skim grunneigarlag, Lia Grunneigarlag, Vårdalen utmarkslag, Vårdalen grunneigarlag og statsalmenningane som er forvalta av Lom fjellstyre. Lom fjellstyre og Lom jeger- og fiskerforeining administrerer ordninga.
Felling skal rapporterast fortløpande innan eit døgn (pelsvilt) / ei veke (fugl), via fangstrapporteringsskjemaet nedanfor. Før utbetaling skal felte dyr framvisast for kontroll og klypping av framlabber (pelsvilt)/ føtter (fugl). Kontroll skjer fyrste fredag i kvar månad, august til mai mellom kl. 16:30 og 17:00 ved lageret til fjellstyret (Skjæsarøye 4, 2686 Lom). Det vil bli utført stikkontrollar på fellingstad.
Det blir utbetalt skotpremie for desse artane:
Ordninga gjeld for dyr felt f.o.m. 5. mars 2025. Det blir teke forbehald om at det er tilgjengelege midlar for utbetaling.
Fangstrapportering - skotpremieordning
For hårvilt: Eit skjema per dyr, innan eit døgn etter felling.
For fugl: Eit skjema, ein gong i veka. Det kjem opp rubrikk for antal når ein kryssar av for art.