Elg og hjort
Allmenningen er for tida inndelt i 6 jaktfelt:
Visdalen/Leirdalen
Ytterdalen
Bøverdalen/Høydalen
Vårdalen/Smådalen
Vårdalen nord for Otta elv.
Gjende - Jotunheimen NP*
Jakta blir utlyst og tildelt for to år, neste periode er i 2022-2023. Rullering av felta gjev ei fordeling der 60% av fellingsløyva er forbehalde innanbygds jaktlag. Tildeling skjer etter trekning mellom lag som oppfyller kriteria. (*Jakt på feltet “Gjende-Jotunheimen NP” blir seld som kortidsjakt)
Frå 1. november blir eventuell resterande kvote av hjort- og elg lagt ut til salg som kortidsperiode for enkeltjegerar eller lag. Informasjon om eventuell kortidsjakt, søknad og tildelingsrutinar blir lagt ut på heimesida til fjellstyret i slutten av oktober.
For informasjon om pris, reglar, søknad, tildeling m.m. sjå søknadssidene på inatur som de finn nederst på denne sida.
Kortidsjakt hjort ved Gjende
Hjortejakta ved Gjende blir seld som kortidsjakt for enkeltjegerar, eller mindre jaktlag, i 5-dagars bolkar. Jaktstart 1. september. Periode blir tildelt etter søknad- og trekning, etter dette fortløpande tildeling ved interesse. Det er vanlegvis berre eit til to løyver på dette jaktfeltet. Søknad via søknadskjema nedanfor innan 1. mai.
Tilkomst/beliggenheit gjer at det på dette jaktfeltet blir sett krav om å medbringe ettersøksekvipasje under jaktutøvinga, for å sikre at det er “mulig å bringe hunden til skuddstedet innen 4 timer.” jf. vilkår i forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst.
Kart over jaktfeltet finn de her. Jaktokortpris er kr. 600,- for hovudjeger, og kr. 300 pr. jaktlagsmedlem. Tildeling skjer til hovudjeger, det er anledning til å legge til intil 3 jaktlagsmedlemmer etter trekking/tildeling.