Hytter
Lom Fjellstyre har 10 hytter. Ein del av desse er reservert for oppsynet, beitebrukarar og innanbygdsbuande heile, eller delar, av året. Oversikt over tillgjengelegheit, prisar m.m. går fram av tabellene nedanfor. For informasjon om kvar enkelt hytte sjå lengst ned på sida, eller søk oss opp på www.inatur.no.
Hyttene som er tilgjengeleg for alle, bookar de via www.inatur.no (lenger ned på denne sida) Her stiller alle likt og det er “fyrste mann” som gjeld.
Nokre av hyttene er halde av for innanbygdsbuande i Lom, og er ikkje tilgjengelege for andre. Desse må tingast hjå oss på fjellstyrekontoret via e-post lom@fjellstyrene.no, eller pr. telefon.
Steinbuer
I tillegg til hyttene er det fire steinbuer som er restaurert og står opne til allment bruk; Nøgla inst i Leirdalen, Saubua og Bergnussbuene i Veodalen og steinbua i Veslådalen.