Kortidsjakt på restkvote av hjort- og elg.

I samsvar med vedtak i fjellstyresak 18/2020 blir det opna for kortidsjakt på restkvote av hjort- og elg etter at ordinær jakt er avslutta 31. oktober. Jakta blir lyst ut i 5 dagars perioder, med ein dags opphald i mellom. Fyrste periode blir 2.-6. november, andre periode 8.-12. november, og så vidare. Enkeltjegerar eller fleire kan søke saman. Prisen er 600,- for hovudjeger/jaktleder og 300,- for tilleggsjeger. For felt dyr betalast det kr 80,- pr. kg., innbetalt kortpris kjem til fråtrekk ved eventuell felling.

Antal løyver og type dyr vil avhenge av kva som er att på resterande ordinær kvote og tilleggsdyrkvote. Tildeling skjer ved trekking.

Søknad sendast på e-post til lom@fjellstyrene.no innan fredag 30.10 klokka 12.00. Etter at dei som har søkt innan fristen og har blir tildelt jakt er ferdige, blir resterande perioder/kvote tildelt fortløpande ved interesse.

hjort.jpg
Åsmund Galde