Totalfreding av Lirype og Fjellrype

Lom fjellstyre har i møte torsdag 8. september fatta slik samrøystes vedtak:

Lom fjellstyre vedtek med heimel i fjellova §23, tredje ledd, å frede for jakt etter lirype og fjellrype i Smådalen, Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- og Bøverdalen statsallmenning jaktsesongen 2022/2023.

 

Lom fjellstyre er opptekne av å ta i vare retten til utøving av jakt- og fangst, og ser at ei totalfreding er eit svært inngripande tiltak som vedkjem mange. Samstundes må bestandandene forvaltast på ein slik måte at ein legg til rette for ei berekraftig utvikling som over tid gjev eit haustingsverdig overskot.

 

Vedtaket blir for lirype grunngjeve med at takseringsresultat og det generelle inntrykket av bestandsforholda er dårlege, at bestanden siste åra har vore låg og at dette er gjengs for tilliggande områder.

 

Når det gjeld spørsmålet om freding av fjellrype er fjellstyret meir i tvil. Ei auke i jaktrykk på grunn av freding av lirype hjå oss og andre er avgjerande for at fjellstyret vel å frede også denne. Ei totalfreding vil også likebehandle alle jegergrupper.

 

For dei som har førehandskjøpt jaktkort for småviltjakt, som mellom anna inkluderer jakt etter lirype og fjellrype, blir det gjeve desse alternativa:

 

-        Jaktkort utan hund:

1.     Ingen refusjon. Jaktkortet gjeld for småviltjakt etter gjeldande reglar og kvoter, men da utan lirype og fjellrype.

2.     Heile jaktkortprisen – 15% adm gebyr og eventuell hytteleige – 15% adm. gebyr blir refundert. Jegeren får tilbod om eit gratis smårovviltkort.

 

-        Jaktkort med hund:

1.     Ingen refusjon. Jaktkortet gjeld for småviltjakt etter gjeldande reglar og kvoter, men da utan lirype og fjellrype. Jaktkortet gjev løyve til å trene fuglehund i tida fram til 31. oktober. Krav om observasjonsrapportering.  

2.     50% refusjon, og kortet blir omgjort til treningskort for hund i tida fram til 31. oktober. Krav om observasjonsrapportering. Jegeren får tilbod om eit gratis smårovviltkort

3.     Heile jaktkortet – 15% i adm. gebyr, og eventuell hytteleige - 15% i adm. gebyr blir refundert. Jegeren får tilbod om eit gratis smårovviltkort.

 

Det blir teke atterhald om eventuelle merknader frå kommunen.

 

Samrøystes.

 

 

Vedtaket kan påklagast jf. § 28 i forvaltningslova. Ei eventuell klage skal være skriftleg og sendast til Lom fjellstyre innan 3 veker frå vedtaket er kunngjort.

 

Vedtak om innskrenking av jakta etter § 23 tredje ledd i fjellova tek til å gjelde ei veke etter at gyldig vedtak er fatta.

Heile saka finn de her. Skjema for klage over forvaltningsvedtak finn de her.

Administrasjonen vil kontakte dei som har løyst kort via e-post, for meir informasjon om refusjon m.m.

Foto: Jørgen Kirsebom

Åsmund Galde