Regulering av småviltjakta 2022/2023 - forslag om å frede for jakt etter lirype
Lirypetakseringa er gjennomført og vi må dessverre slå fast at vi har det svakaste takseringsresultatet dei siste 22 åra.
Fjellstyre skal behandle spørsmålet om regulering av småviltjakta og forslag om freding av lirype på møte fyrstkomande torsdag der det blir lagt fram slik forslag til vedtak:
Lom fjellstyre vedtek med heimel i §23, tredje ledd, å frede for jakt etter lirype i Smådalen, Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- og Bøverdalen statsallmenning jaktsesongen 2022/2023.
For fjellrype blir det for heile allmenningen sett ei dagkvote på 1 rype/jeger/dag, ei totalkvote på 5 ryper og jaktstopp 1.november.
Lom fjellstyre er opptekne av å ta i vare retten til utøving av jakt- og fangst, og ser at ei totalfreding av lirype er eit svært inngripande tiltak som vedkjem mange. Samstundes må bestandandene forvaltast på ein slik måte at ein legge til rette for ei berekraftig utvikling som over tid gjev eit haustingsverdig overskot. Vedtaket blir grunngjeve med at takseringsresultat og det generelle inntrykket av bestandsforholda for lirype er svært dårlege, at bestanden siste åra har vore låg og at dette er gjengs for tilliggjande områder.
For dei som har førehandskjøp jaktkort for småviltjakt, som mellom anna inkluderer jakt etter lirype, blir det gjeve desse alternativa:
- Jaktkort utan hund:
1. Ingen refusjon. Jaktkortet gjeld for småviltjakt etter gjeldande reglar og kvoter, men da utan lirype.
2. Heile jaktkortet – 15% adm gebyr og eventuell hytteleige – 15% adm. gebyr blir refundert.
- Jaktkort med hund:
1. Ingen refusjon. Jaktkortet gjeld for småviltjakt etter gjeldande reglar og kvoter, men da utan lirype. Jaktkortet gjev løyve til å trene fuglehund i tida fram til 31. oktober. Krav om observasjonsrapportering.
2. 50% refusjon, og kortet blir omgjort til treningskort for hund i tida fram til 31. oktober. Krav om observasjonsrapportering.
3. Heile jaktkortet – 15% i adm. gebyr, og eventuell hytteleige - 15% i adm. gebyr blir refundert.
For meir informasjon, saksutgreiing og spørsmål om innsending av merknader sjå her.
Dei som har løyst jaktkort vil få meir informasjon pr. e-post når eit eventuelt vedtak ligg føre.