Søknad om støtte frå fjellkassa

Fuglet%C3%A5rnet+i+Tessosen+pr.+15.+okt-19.jpg

Lom fjellstyre løyver årleg tilskot frå fjellkassa. Kor stort beløp som kan løyvast, er styrt av kor stort eit eventuelt overskot i fjellstyret er. Fjellovas § 11 styrer kva pengane kan brukast til..

Fjellova §11, 3.ledd: “Fjellstyret avgjer ved vedtak korleis overskot i fjellkassa skal nyttast. Er overskotet større enn det som trengst til tiltak innan allmenningen, kan det av det overskytande løyvast midlar til føremål som tek sikte på å styrkje næringsgrunnlaget i dei bygdene som har rett til allmenningsbruk. Med samtykke frå departementet kan det òg løyvast midlar til allmennyttige føremål i desse bygdene.”

Pengane skal med andre ord gå til tiltak i allmenninga og til allmennyttige tiltak

I 2018 vart det gjeve tilskot til Veodalen og Storådalen beitelag, og til bygging av fugleobservasjonstårn ved Ostjønnen.

Søknad om tilskot frå fjellkassa skal innehalde beskrivelse av tiltaket, kostnadsoverslag, finansieringsplan og når tiltaket er tenkt gjennomført. Om fjellstyret treng meir utfyllande informasjon, vil søkjar bli kontakta. Søknaden kan sendast til Lom fjellstyre, Brubakken 2, 2686 Lom, eller helst på e-post til lom@fjellstyrene.no, innan 8.desember.

Magny Hilde