HJORTEJAKT
I samsvar med vedtak i fjellstyresak 10/2016 blir det opna for kortidsjakt på hjort etter at ordinær jakt er avslutta 31. oktober.
Jakta blir lyst ut i 5 dagars periodar, med ein dags opphald imellom. Fyrste periode blir 2.-6. november, andre periode 8.-12. november, og så vidare. Enkeltjegerar eller fleire kan søke saman. Prisen er 600,- for hovudjeger/jaktleder og 300,- for tilleggsjeger. For felt dyr betalast det kr 73,- pr. kg., innbetalt kortpris kjem til fråtrekk.
Per i dag ser det ut til at det blir tilgjengelege kort i Leir- og Bøverdalen statsalmenning og i Vårdalen statsallmenning nord for Otta elv. Type dyr vil avhenge av kva som er att på resterande ordinær kvote og tilleggsdyrkvote.
Tildeling skjer ved trekking. Fyrstegongsjegerar og jegerar som ikkje har hatt anna jakt i år blir prioriterte.
Søknad sendast på e-post til lom@fjellstyrene.no innan fredag 1.11. klokka 12.00. Skriv om de ynskjer å søkje på begge områda eller ikkje. Etter at dei som blir tildelt jakt er ferdige, blir resterande periodar/kvote tildelt fortløpande ved interesse.