Opplæringsjakt - Introduksjon til storviltjakt

Lom fjellstyre vil i samarbeid med Lom jeger- og fiskarforeining på nytt invitere ungdommar mellom 16-20 år til introduksjon- og opplæringsjakt etter storvilt.

 

Bakgrunn:

Dei siste åra har vi sett ein tendens der gjennomsnittsalderen på jaktlaga har auka i takt med tal løyver. Mange av ungdommane som tek jegerprøva kjem seg ikkje vidare inn på eit jaktlag. Tradisjonelt har medlemskapa kanskje vore vidareført gjennom arv og familiære band, men med færre jegerar i foreldregenerasjonen er det fleire unge som fell ut.

Storviltjakta er ein vesentleg del av fjellstyret si verksemd. Samstundes er det viktig at vi vidarefører jakt- og fangst kulturen og dei haustingsbaserte tradisjonane som ligg til bygda. For å klare det må vi sikre at jaktutøvinga er ein aktivitet som er tilgjengeleg for folk flest. Vi ser at ein del unge med fersk jegerpøve kvier seg for å ta fatt på storviltjakt aleine, at dei gjerne manglar nokon som har anledning til å være med.

Vi håpar at vi med dette opplegget kan  legge til rette for at fleire ungdommar får oppleve gleda av storviltjakt, og at vi bidreg til at jaktutøvinga held fram som ein aktivitet som er tilgjengelege for folk flest.I fjor hadde vi 4 ungdommar som deltok, og dette vart såpass vellykka at vi vidarefører utan større endringar.   

 Målgruppe:

Vi kjem til å prioritere ungdommar 16-22 år som er busette i Lom, men dersom det er ledig kapasitet vil det være anledning for å ta med eldre eller personar frå andre kommunar. Vi oppmodar alle interesserte til å sende oss ein e-post - om det er ledig kapasitet fråvik vi frå desse retningslinjene.

 

Formelle krav:

Du må ha avlagt jegerprøve, ha fylt 16 år inneverande år og dersom du er under 18 år treng du skriftleg fullmakt frå føresette. Du må avlegge skyteprøve for storviltjakt før jakta tek til, ta kontakt med oss om du treng rettleiing for å få gjennomført dette.

 Våpen og jaktradio:

Dersom du har, eller har moglegheit til å låne jaktrifle og jaktradio av familie eller vener er dette fint. Hugs å ta kontakt med politiet i god tid dersom du treng tillating frå dei til å låne våpen. (Dette gjeld for dei som ikkje har våpenkort/våpen registrert på seg sjølve frå før.)

Om du ikkje kjenner nokon å låne av, skal vi strekkje oss langt for at dette skal løyse seg. Ta kontakt med Eilev eller Åsmund for meir informasjon om dette.   

 

Om opplegget:

Kurset vil bestå av:

-           Ein teoretisk del

-           Praktisk del/utøvande jakt

-          Og (forhåpentlegvis) ein del med nedskjæring/foredling.

Teoretisk del og skytebaneøkt vil bli gjennomført for seg sjølv, vi kjem attende med tid for dette. Den praktiske delen vil bli lagt til Visdalen, Leir- og Bøverdalen statsallmenning 4.-6. november. 4-6. Vi kjem til å ligge ute, i telt/lavo. Det blir lagt opp til jakt etter både rådyr, elg og hjort, med innføring i og utøving av ulike jaktformar. All jakt- og bruk av våpen vil gå føre seg med erfaren instruktør/tilsynsjeger 1:1, dette gjeld og for dei som er 18 år og eldre. Det må påreknast at ikkje alle kan delta med våpen til einkvar tid.

Opplegget er gratis, utgiftene blir dekt av Lom fjellstyre og tilskot frå miljødirektoratet.

 

 

For spørsmål kring opplæringsjakta, ta kontakt med Åsmund på tlf. 92893226 eller Eilev på tlf. 99712939.

 

Om du er interessert, send søknad  til e-post lom@fjellstyrene.no , innan 10 september. I e-posten skriv du:

-          Namn

-          Fødselsdato og jegernummer

-          Buplass/adresse

Dersom du treng hjelp til  oppskyting, lån av våpen/jaktradio m.m. gjev du beskjed om dette i e-posten.

Grunna praktiske og sikkerheitsmessige årsaker har vi eit avgrensa tal plasser (max 8) tilgjengelege, og lyt forbehalde oss retten til å prioritere desse etter vilkåra nemd ovanfor.   


Foto: Ola Rosshaug


Åsmund Galde