Ledig stilling
Grunna auka arbeidsmengde søkjer Lom fjellstyre etter ekstra personell innanfor perioden juli -oktober. Tilsettinga vil være mellombels, inntil 2 månadsverk, heil eller deltid innanfor perioden.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak være knytt til:
Vegetasjonsskjøtsel
Stitilrettelegging
Tilsyns- og vedlikehaldsarbeid
Anna forefallande arbeid
Dette vil bli tillagt vekt:
Relevant praktisk erfaring
Felterfaring og lokalkunnskap
Personlege eigenskaper
Relevant fagleg kompetanse kan bli tillagt vekt, men er ikkje eit absolutt krav.
Vedkommande må ha førarkort og disponere eigen bil.
Nærare opplysningar på tlf. 92893226
Søknad skal sendast elektronisk til lom@fjellstyrene.no. Søknadsfrist 25. juni.
Tilsetjing og løn etter avtale.