Regulering av rypejakta 2024/24

Lom fjellstyre har i møte 28. august vedteke desse reguleringane for rypejakta jaktåret 2024/25

  • Jakttid er 15 september til 28. februar.

  • Det blir fritt kortsalg til innanbygdsbuande i tråd med prinsippet om 60/40 fordeling innanbygdes/utanbygdes.

  • Det blir opna for sal av 150 kort til utanbygdsbuande utan hund i tida 15-29. september. Desse blir fordelt på 3 5-dagers perioder à 50 kort. Frå 30 september blir det opna for eit avgrensa kortsal på 30 sesongkort,  15 5-dagers kort og inntil 5 dagskort pr. dag.

  • For utanbygdsbuande med hund blir det selt vekeskort frå 15.-28 september, 10 kort i kvar periode i felt A, 5 kort i kvar periode i felt B. Deretter blir det ikkje selt hundekort.

  • Baglimit blir sett til 2 ryper pr. dag.

For meir informasjon om vedtaket sjå her.

Jaktkorta for utanbygdsbuande blir lagt ut på inatur og selt etter “første mann til mølla” prinsippet. Salgsidene blir oppdatert i løpet av helga, og salgstart er 5. september klokka 09:00. Du finn salgsidene på inatur, eller via heimesida vår her.

Foto: Espen Finstad

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fjellstyremøte 23 september

Neste
Neste

Førehandsvarsling - resultat av rypetaksering og forslag om regulerinGar 2024/2025