Påska 2020

Påska 2020 blir ikkje slik vi ynskjer. Fjellstyret har stengt alle sine hytter for bruk og utleige, dette gjeld og dei buene som til vanleg står opne for allmenn bruk. Turisthyttene i fjellet held stengt, sjølvbetjeningshyttene skal ikkje brukast, veigane innover Visdalen og Leirdalen er stengt og fleire stadar vil det væra svært begrensa med brøytte parkeringsplassar.

Vi vil oppmode om at alle fylgjer råd, retningslinjer og pålegg frå FHI, helsedirektoratet og regjeringa. Unngå unødvendige fritidsreiser og reis heller på dagsturar ut ifrå eigen heimplass. Innlandet politidistrikt og Oppland Røde Kors kom i dag med ei oppfordring om å nytte seg av turmoglegheiter i eiga kommune i staden for å reise på lange fjellturar i påska.  Dei frårår deltaking i for eksempel teltleirar og ber om å vente med lange skiturar og ekstreme aktiviteter som aukar risikoen for å skade seg.

Bruk naturen, kom dykk ut, men tak omsyn. Det kjem ei ny påske og ein ny vår neste år.

God påske!


Fjelloppsynet

Påska 2020.jpg



Åsmund Galde