Sak til offentleg gjennomsyn - Sak 3/2023 i Lom fjellstyre - Uttak av villrein i tamreinområde i Lom
Reinheimen-Breheimen villreinutval har med brev sendt 19. januar bede Lom fjellstyre om å drøfte ei midlertidig ordning for å beskatte villrein som oppheld seg i konsesjonsområde for tamrein, i Leir- og Bøverdalen statsallmenning store deler av jakttida.
Med dette som bakgrunn har Lom fjellstyre i sak 3/2023 lagt fram fylgjande forslag til vedtak til offentleg gjennomsyn:
«Lom fjellstyre stiller seg positive til ei prøveordning med formål om å beskatte villrein som oppheld seg på statsallmenningen i Lom, men vil presisere at arealet på Lomssida er tamreinområde og at det ikkje er aktuelt å opne for eller innlemme dette arealet som ein del av jaktområdet og opne for regulær jakt.
Lom fjellstyre ynskjer at det i saman med villreinutvalet blir utarbeidd ein felles søknad til miljødirektoratet som skisserar ei løysing på desse premissa:
- Formålet med tiltaket er å hindre at villrein etablerer seg i beiteområde for tamrein.
- Det blir opna for at jegerar med jaktkort i «Skjåk sør-aust», innkludert eventuelle overgangsavtaler, får felle rein i den delen av Leir- og Bøverdalen statsallmenning som ligg nord for Bøverdalen-Høydalen-Liabrevatnet. Eksisterande jegerkontrakt, reglar, jakttid m.m. blir nytta.
- Det skal vere ei ekstraordinær og tidsavgrensa ordning over 5 år, med årleg evaluering og 6mnd. oppseiingstid.
- Aralet har status som tamreinområde og det skal ikkje formelt innlemmast i jaktvaldet/ telljande villreinareal. Miljødirektoratet gjev nødvendige dispensasjoner frå hjorteviltforskrifta og forskrift om jakt, felling og fangst på statsallmenning.
Lom fjellstyre set vilkår om at det samstundes blir opna for jakt i den delen av villreinområdet som ligg i Luster slik at dette ikkje blir eit « nytt» friområde som reinen held seg i.»
Utskrift av møtebok finn de her: Sak 3/2023 - Uttak av villrein i tamreinområde i Lom
Eventuelle merknader må sendast til lom@fjellstyrene.no innan 5. mars.