Løyve til bruk av elektriks båtmotor på Høyvatnet
Lom fjellstyre har etter endring i kommunal forskrift om motorferdsel og etter dispensasjon frå verneforskrifta i Høydalen landskapsvernområde, fått løyve til å nytte elektrisk båtmotor på Høyvatnet i samband med utøving av fiske.
Løyve til bruk av elektrisk båtmotor kan vidareformidlast- og skrivast ut til enkeltpersonar etter fylgjande vilkår:
Det kan brukast båt med elektrisk motor med ein maksimal effekt
på 800 W.
Bruken av båt med elektrisk motor skal avgrensast til det som er strengt nødvendig i
samband med fisking.
Løyvet gjeld i perioden frå 1. juli og ut sesongen i åra frå 2023 til og med 2025.
Løyve blir skrive ut etter henvending til fjelloppsynet og skal kunne fremleggast ved kontroll. Det blir stilt krav om aktivitets og fangstrapportering.
For å søke om ustskriving av løyve, send ein kortfatta e-post til lom@fjellstyrene.no