Gratulerer med dagen!

Gratulerer med dagen!

I dag fyller Norges jeger- og fiskerforbund 150 år.  I samband med jubileumet ynskjer Lom fjellstyre å framheve lokalforeininga her i Lom .

Lom jeger- og fiskarforeining er ein god- og viktig samarbeidspartner for fjellstyret. Lokalforeinina legg ned eit formidabelt arbeid for å formidle kunnskap om jakt og fiske. Dei bidreg med rekruteringsarbeid, tilstelningar og ymse jakt- og fiskestelltiltak. Medlemmene er trufaste brukerar av fjellstyret sine tilbod, og gjer ein formidabel innsats for å føre dei lokale jakt- og fisketradisjonane vidare til neste generasjon.

For å heidre jubilanten, og som ei lita påskjøning for arbeidet dei gjer, har fjellstyret gjort vedtak om å gje  kr. 5000,- i stønad til Lom jeger- og fiskarforeining.

 

Foreiniga held lag på Fossbergom i dag frå klokka 13.00 der dei steller i stand 3 rettars middag med tilhøyrande underhaldning. Vi oppmodar dei som har anledning til å ta turen.

Naustet på Børjetjønn, Eit samarbeidsprosjekt mellom Lom jeger og fiskarforeining og Lom fjellstyre.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kortidsjakt - hjort.

Neste
Neste

Regulering av rypejakta - Innføring av dagkvote for sesongen 2021/22