Hyttene til Lom fjellstyre – orientering om rutinar for reservasjon og utleige til innanbygdsbuande. 

Lom fjellstyre har mange hytter og buer i høgfjellet. Dei fleste av desse er opne for utleige i den tida dei ikkje er brukt av beitelag, tamreinlag eller fjelloppsyn.

Fjellstyret ynskjer å legge til rette for auka bruk for innanbygdsbuande. Dette vil vere positivt for å fremje både friluftsliv, og jakt- og fiskeinteressene lokalt.

Innanbygdsbuande hadde tidlegare fyrsteretten til leige av fjellstyrehyttene når dei var ledige, om dei bestilte minst 1 månad før ankomst. Etter revisjon av regelverket for hytteutleige, sak 5/2011, vart det vedteke at: « Innanbygds og utanbygdsbuande får lik rett til å reservere fjellstyrehytter som er lite etterspurt av innanbygdsbuande. Fjellstyrekontoret får fullmakt til å vurdere kva hytter dette gjeld, og om det skal gjelde berre i avgrensa periodar.» Dette vedtaket opna for å kunne legge ut hyttene til fritt sal på Inatur.

For 2020 vil Lom fjellstyre reservere Grønbua, Langvassbua og Veslfjellbu for innanbygdsbuande i periodar og ein del av hyttene vil ikkje være tilgjengelege for utleige via Inatur i vintersesongen. Innanbygdsbuande som ønskjer å leige fjellstyrehytte som ikkje er opna for utleige på Inatur, kan ta kontakt med fjellstyrekontoret, send e-post til lom@fjellstyrene.no 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Søknad om småviltjakt 2020

Neste
Neste

God jul !