Hjortejakt ved Gjende

Lom fjellstyre lyser med dette ut hjortejakt ved Gjende hausten 2022.

Jakttid: 1. september - 1. desember

Kvote: 1 vaksen bukk

Det blir stilt krav om at det skal være minimum 4 jegerar på jaktlaget. Grunna tidkrevjande adkomst er det krav om at jaktlaget har godkjent ettersøksekvipasje i jaktlaget.

Tildeling av jaktfeltet vil ikkje påverke rullering/tildeling for andre jaktfelt neste periode.

Gjer elles merksam på at Gjendebåten går til 18. september og at det etter dette vil være fordelaktig å disponere eigen båt. Bruk av båt på Gjende er regulert av vernefoskrifta for Jotunheimen nasjonalpark der det er opna for bruk av båt med motor på inntil 10 hk i samband med storviltjakt.

Søknad skal sendast til lom@fjellstyrene.no Søknadsfrist 15. juni.

Sjå elles:

Generelle bestemmelser vedrørende elg- og hjortejakt i statsallmenning

Lokale bestemmelsar for jakt i Visdalen, Smådalen og Leir- og Bøverdalen statsallmenning

Åsmund Galde