God jul!

Lom fjellstyre vil med dette ynskje alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

Istadenfor å gje gåver til dei tilsette har fjellstyret dei siste åra gjeve eit lite bidrag til ymse gode formål. I år har vi valgt å støtte dei som treng det mest her heime lokalt i området vårt. Eilev har difor vore ute og kjøpt julegåver til barn som av ulike grunnar har meir bruk for ei lita helsing enn oss andre.

Ein stor takk til Monica Holm for handleliste og distribusjon av gåvene - og for det omfattande arbeidet ho legg ned for å hjelpe dei som treng det mest.

Åsmund Galde