Garn og sprell, men ikkje makrell.. - Fisketur på Tjønnom!
Vi ynskjer å legge til rette for at fleire barn- og unge skal finne glede i tradisjonelt haustingsbasert friluftsliv, og vil difor arrangere ein sosial- og triveleg fisketur til Bøvertjønnen helga 12-13 august.
Fjellstyret stiller med båtar, garn, vegledere, mat og ulike aktivtetar som skal kunne fengje dei fleste. Vi legg til rette med teltplassar for dei som ynskjer å overnatte, men om nokon vil kjøre opp og ned går dette heilt fint. Deltagerane får anledning til å være med på heile prosessen, frå å sette garn til å ta inn at, sløye, og gjere fisken klar til tilberedning.
Likar du å være ute,å kunne tenkt prøvd deg som garnfiskar? Då melder du deg på!
Praktisk informasjon:
Vi tek sikte på å møtast klokka kl 14:00 fredag og avsluttar kl 14:00 laurdag.
Vi stiller med
Båtar
Garn
Fiskestenger/utstyr til utlåns
Bålpanne
Middag fredag (pølser) og brunch laurdag (grilla fisk)
De treng:
Klede og sko tilpassa vær og føre
Kopp og tallerken
Sovepose og/eller telt (ved overnatting)
Ein føresett eller ansvarleg vaksen
Påmelding innan 1. august til lom@fjellstyrene.no Vi kjem attende med meir informasjon og program til dei som ynskjer det.
For informasjon, ring Eilev på tlf 99712939.