Forsøpling

IMG_7231.jpg

Vi ser at folk flest er flinke til å ta med seg att søpla si når dei er ute på tur. Men vi legg også merke til at det er somme grupper som ikkje er like flinke, som ein del fiskarar. Det er ofte på fiskeplassar vi finn både aluminiumsboksar og brukte eingongsgrillar.

Allemannstretten kjem med føresetnad om omsynsfull og varsom bruk, slik at ein ikkje gjer skade eller skapar ulempe for andre. Brukar pliktar seg til å ikkje etterlate seg staden i ein tilstand som kan virke skjemmande på andre.

Nedbrytningstid

Noko av søppelet vi finn har ei nedbrytningstid på kun veker, mens anna kan bli liggjande i tiår, kanskje hundreår før det blir brote ned. Medan vi finn pilspissar og skremmepinnar etter dei fyrste reinsjegerane, vil dei som kjem etter oss finne sjokoladepapir og plastflaskar. Dette er noko å ha i bakhovudet neste gong du er på tur.

Døme på søppel vi finn og kor lang tid det tek før det blir brote ned:

  • Papirserviettar - 2-4 veker

  • Epleskrott - 2 månader

  • Sigarettsneip - 1-5 år

  • Metallboks - 50 år

  • Aluminiumsboks - 200 år

  • Plastflaske - 450 år

Dobesøk

Når naturen kallar så finn deg ein stad der det ikkje vil kome til sjenanse for andre. Ta med deg eller tenn på dopapiret (om det er ikkje er skogbrannfare) og plasser ein stein over, slik at andre slepp å snuble over visittkortet ditt.

Hugs at våtserviettar inneheld plast så ikkje kast desse i naturen.

Ta med deg all søpla di heim att, så blir det mykje trivlegare for dei som kjem etter deg.


Kjelder:

Miljøstatus.no

Miljødirektoratet.no

Nedbrytingsplansje-Miljodirektoratet.jpg



Åsmund Galde