100-års gåva er funne!
Vi gratulerer Håvard Øverli Bore som finnar av jubileumsgåva , og gratis stongfiske sjå Lom Fjellstyre i 100 år! Det tok mindre enn 3 timar frå siste hintet vart publisert på nettsidane våre til han hadde kome seg opp på Sognefjellet, nedover vegen mot Storvatnet og opp til den namnlause tjønna 150m nord for Spile.
Håvard har vore på leiting etter gåva i heile sommar og det var ein svært tilfreds gut som ringde oss i kveld.
Vi gratulerer nok ein gong, skitt fiske!