Sak til offentleg gjennomsyn - Rekrutteringstiltak storviltjakt - avsetting av storviltløyver til opplæringsjakt
Sak til offentleg gjennomsyn- sak 50/2021 - Rekrutteringstiltak storviltjakt - avsetting av storviltløyver til opplæringsjakt
Lom fjellstyre har i sak 50/2021 lagt fram forslag om å sette av jaktfelta i Visdalen, Leir- og Bøverdalen statsallmenning til introduksjons- og opplæringsjakt den fyrste helga i november.
Det skal settast av eit dyr av kvar art til denne jakta. Eit ungdyr/kalv av elg, ei hind/ungdyr/kalv hjort og eit rådyr.
Forslaget er sendt på høyring til viltutvalet i kommunen og varsla og lagt ut til offentleg gjennomsyn på fjellstyret sine heimesider med frist på 3 veker til å kome med merknader.
Eventuelle merknader kan sendast til lom@fjellstyrene.no. innan 21. januar.
Sak nr 50/2021 - Rekrutteringstiltak storviltjakt - avsetting av storviltløyver til opplæringsjakt ligg her.