Fiske i Lom

Opplev fjellfisket sjå Lom fjellstyre!

Langvatnet

Langvatnet


I statsallmenningane i Lom har vi eit rikt utvalg av fiskevatn og fiskeførande elvar der aure er einaste fiskeslaget. I alt er det over 130 store og små vatn og ca. 130km med elv. Her finn du alt frå barnevennleg fiske i idyllisk seterlandskap til norges høgstliggjande aurebestand på Juvatnet, 1850 moh. Mange av vatna har ikkje sjølvrekruttering og gjennom aktiv fiskekultivering har vi jamt over svært god kvalitet på fisken. Mellom 2000 meters toppane i Jotunheimen og Breheimen finn du fleire lokalitetar med aure på over 2kg. Sjå her for fjelloppsynets fisketips og fiskeutsettingar attende i tid.

 

Fiskekort


Fiskekortet for statsallmenningane i Lom dekkjer over halvparten av Lom kommune og alt av Lom sin del i Jotunheimen. Vi sel stangfiske til alle, oterfiske til utanbygsbuande i Norge (med unntak av Sylvetjernet, Eilevsvatnet, Leiråstjernet og Halsatjerna) og garnfiske til innanbygdsbuande. På Høyvatnet har vi opna for garnfiske til utanbygdsbuande som løyser oterkort. Barn og ungdom fiskar gratis inntil det året dei fyller 20 år.


For kjøp og meir informasjon om fiskekort, prisar og reglar sjå her.