Stønad frå fjellkassa

Fjellstyret kan løyve midlar til ymse formål etter føresegnane som er gjeve i §11 fjellova: “Fjellstyret avgjer ved vedtak korleis overskot i fjellkassa skal nyttast. Er overskotet større enn det som trengst til tiltak innan allmenningen, kan det av det overskytande løyvast midlar til føremål som tek sikte på å styrkje næringsgrunnlaget i dei bygdene som har rett til allmenningsbruk. Med samtykke frå departementet kan det òg løyvast midlar til allmennyttige føremål i desse bygdene.”

Fjellstyret ynskjer å behandle alle søknadane samtidig og har tidlegare gjort dette på siste møte før jul. Dette blir nå endra, behandling og tildeling vil skje i løpet av våren. I 2021 er det avsett 150.000 som kan nyttast til tiltak i allmenningane.

Søknad skal innehalde:

-Kva søknaden gjeld
-Når tiltaket skal gjennomførast
-Oversikt over kostnader
-Finansieringsplan

For søknader om tilskot til tiltak- eller drift av vegar i allmenningane blir det stilt krav om at rekneskap for siste år skal følgje søknaden saman med saldoutskrift ved årsskiftet.

Søknad skal sendast til lom@fjellstyrene.no, søknadsfrist er 1. mai.

Grunneigarfondet

Grunneigarfondet blir administrert av Statskog SF og søknad om stønad skal rettast til dei.

Hovedgrupper av tiltak som støttast handlar om

  • å bidrage til lønnsom næringsvirksomheit og videreutvikle eksisterande arbeidsplasser

  • infrastruktur som indirekte bidreg til utvikling av lønnsame arbeidsplassar

  • tiltak som innebærer verdiskaping eller bevaring av verdier av samfunnsmessig art, for eksempel kulturminnevern

For meir informasjon om søknad, adresse sjå nettsidene til Statskog SF her.

Søknadsfrist er 1. februar. I 2021 var det avsett 5 millionar.