Småviltjakt 2023/24

Utfordrande værtilhøve siste tida har gjort takseringsarbeidet utfordrande. Vi ligg difor noko bak skjema, men tek sikte på å få fullført arbeidet innan sundag fyrstkomande. Med grunnlag i førebelse resultat i lirypetakseringa og observasjoner elles er det sannsynleg at spørsmål om freding av lirype og/eller fjellrype kan bli ein del av vurderinga. Det blir med dette varsla om at fjellstyret vil ta stilling til denne saka torsdag 7. september og at det er lagt fram slik forslag til vedtak:

Lom fjellstyre vedtek med heimel i fjelloven §23, tredje ledd, å frede for jakt etter li- og fjellrype i Smådalen, Vårdalen statsallmenning, Visdalen statsallmenning og Leir- og Bøverdalen statsallmenning jaktsesongen 2023/2024.

 Ut ifrå takseringsresultat, observasjonar elles og takseringsresultat frå tilliggande områder finn ein ikkje at det er forsvarleg å opne for jakt.

 Det blir opna for sal av treningskort for fuglehund, med krav til observasjonsrapportering for hund, frå 15. september etter desse prisane:

-        Døgnkort – kr. 80,-

-        Sesongkort – kr. 400,-

Saksutgreiinga finn de her.

Det vil ikkje bli opna for salg av småviltjaktkort før vedtaket i denne saka tek til å gjelde, tidlegast 14. september.

Åsmund Galde