Sal av jaktkort - hjortejakt ved Gjende

Lom fjellstyre lyser med dette ut hjortejakt ved Gjende. Jakta på jaktfeltet ved Gjende vert tilbode til enkeltjegerar/ mindre jaktlag i 5 dagars periodar frå jaktstart 1. september, etter reglane og prisar som gjeld for kortidsjakt på statsallmenningen:

           

        Hovudjeger:       Tilleggsjeger:      Kilopris felte dyr:

        Kr. 600                Kr. 300                Kr. 87,00 

 Kjøp av jaktkort er ein eingongssum for å få lov til å jakte ein periode. Ved felling av dyr er det oppgjer etter vekt/kg. Innbetalt kortpris kjem til fråtrekk.

Søknadsfrist 1. august. Tildeling av periode skjer etter trekking mellom innsendte søknader og tilgjengeleg kvote. Ved ledige løyve etter dette, skjer tildeling fortløpande ved førespurnad. Tilgjengelege dyr hausten 2023 vil være ungdyr/kalv. Kart som syner jaktfeltet finn det her.

Søknad sendast til lom@fjellstyrene.no

Åsmund Galde