Fiske

Hinnåte 2013, 35kg
Foto: Eilev Hellekveen

Det er omlag 140 små og store fiskevatn, og 130 km med fiskeførande elver og bekkar i almenningen. Aure er det einaste fiskeslaget. Berre eit fåtal av vatna er sjølvrekrutterande, og det blir såleis sett ut eitt- eller to-årig settefisk i dei fleste vatna. Det høgstliggjande fiskevatnet er Juvvatnet på 1835 m.o.h. Stongfiske er tillate for alle, både utlendingar og nordmenn. Oterfiske er tillate for alle busette i Norge. På nokre få vatn (5) er oterfiske tillate berre for innanbygdsbuande, desse vatna er opplista på fiskekortet. Fiske med fastståande reiskap er lov berre for innanbygdsbuande med eit unntak, Høyvatnet. På Høyvatnet er garnfiske også tillate for utanbygdsbuande. For stangfiske innanfor Jotunheimen er det ei felles kortordning.

På Høyvatnet, Langvatnet, Høybreavatnet og Øvre Grisletjernet har fjellstyret båtar til utlån i tilknyting til fiske.

Fiskekort kan kjøpast på www.inatur.no og på ein del turisthytter og sportsbutikkar. Fullstendige fiskereglar får du hjå kortseljar.