Ledig seter og/eller tilleggsjord i Leir- og Bøverdalen statsalmenning

Fjellstyret lyser seter og/eller tilleggsjord på Heimsetrene i Leirdalen, festenummer 155/1/ 253 og 155/1/254, ledig for jordbrukarar med beiterett i Leir- og Bøverdalen statsallmenning. For utvising er det ein føresetnad at ein oppfyller krava for utvising, og kan dokumentere eit behov, jf. føresegnar om utvising av seter- og tilleggsjord som er gjeve i fjellova, seterforskrifta og tilhøyrande rundskriv.

Arrondering mellom seter- og tilleggsjordareal er ikkje stadfesta gjennom tidlegare festetilhøve. Dersom det blir aktuelt med nyutvising av seter må fjellstyret i si behandling ta stilling til grensefastsettinga mellom festa. Om det ikkje er interesse og/eller grunnlag for seterutvising kan statusen for heile arealet endrast til tilleggsjord.

Ved søknad skal skjema nedanfor nyttast og sendast til lom@fjellstyrene.no innan 3. mars..

Søknadskjema tilleggsjord

Søknadskjema seter

Åsmund Galde