Starten på rypejakta

Dei fyrste jaktdagane var velsigna med eit kjempefint jaktver.  Noko skiftande skydekke gjennom helga, både med litt regnyr og strålande sol, men vindstille og sikkert fine vitringsforhold for dei med hund.  Og for ei fargeprakt!!

 

Attendemeldingane frå jegerane så langt tyder på at det er jamt bra med fugl, både av lirype og fjellrype.  Noko variasjon er det frå terreng til terreng, men dei fleste jegerane let til å vera godt tilfredse med bestandsforholda.  Fjellrypa var sky og vanskeleg å få på skothald, så her var det truleg ein nokså låg treffprosent! Men gledeleg å sjå at det verkar til å vera meir fjellrype enn det har vore dei siste sesongane.