Om setrer og beite i Lom

Fjellstyra administrerer bruken og utnyttinga av rettar og lunnende i statsallmenning slik fjellova og forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning bestemmer.
(FOR 1984-06-22 nr. 1302)

Beitebruk

Foto: Odd Repp

I Lom er det forholdsvis aktiv setring der både beite og forproduksjon i fjellet er av stor betyding for landbruket. I allmenninga er det 113 registrerte setrar, derav nokre som enno er i tradisjonell drift med mjølkeproduksjon.

Det er fleire aktive setergrender ved Tesse, både Nordseter, Byrtnes og Nåvårseter. I Smådalen ligg Foss setrane heilt inst, Smådalssetrane midt i dalen og Smørlia i munningen av dalen. Setergrenda i Solell er mest berre i bruk som utmarksbeite, og setrane er brukt som hytter.

Øvst i Bøverdalen ligg Netoseter der mange gardar i Skjåk har seter, og Prestsetrane. Her er enno døme på aktiv setring, og areala er i bruk til forproduksjon og beite. Det er også setre i bruk i Høydalen, (geit), ved Bøvertjønnen, på Mytingen og i Leirdalen. Og i Liafjellet ligg Grønsetra.

Det er to fellesdrifter av storfe, begge organisert som beitelag, ei i Veodalen og ei ved vestenden av Gjende.

Mykje av områda med seterdrift og beiting ligg innanfor almenninga.

 

Beitande rein

Foto: Jørgen Kirsebom

Lom Fjellstyre leiger ut beite til Lom tamreinlag som har ei årleg vinterstamme på omlag 2300 dyr. Reinen kalvar i området Smådalen/ Veodalen og utover sommaren beiter flokken i området Veodalen og sør-vest mot Gjende fram til haustslaktinga på Grønhøa i september. Same områda blir nytta fram mot vinterslaktinga i Solell i desember. Utpå vinteren blir reinen fløtt til Sognefjellet og Lomseggen området før det ved påsketider går austover att mot kalvingsområda. Hamneleigekontrakta gjeld for heile Leir- og Bøverdalen statsallmenning med Smådalen, samt den delen av Vårdalen statsallmenning som ligg sør for Otta elv. Om sommaren, i tida 1.5.-30.9., kan det ikkje beitast nord for denne grensa: Rindbekken-Heranoshø-Smådalshø-Trollsteinhø-Gokkeroksla. Unnateke denne avgrensinga er Smådalen vest for nordre Grotåa, som er lov å nytte fram til 5.6., da dette er eit viktig kalvingsområde for reinen.