Restaureringarbeid ved utløpet av Ilva


For å motverke attendegraving og erosjon oppover i Ilva, som følgje av Tessereguleringa, oppførte Glommens og Laagens Brukseierforening i 1983 ein terskel ved utløpet av Ilva i Tesse. Det er nå behov for å utføre vedlikehald av terskelen, og GLB har planlagt utført dette til sommaren. Ifølgje planen blir det behov for å bruke den plassen som er tilrettelagt for oppstilling av campingvogner, som riggplass ei tid på sommaren. Medan arbeidet pågår kan området såleis ikkje brukast til camping. For å avgrense perioden som plassen er utilgjengeleg for allmenn bruk, er GLB innstilt på å attendeføre området raskt når arbeidet er avslutta. Det vil ikkje bli mellom-lagra steinmasser i riggområdet.

Gjennomføringa av anlegget er skissert til å ta ca. to veker, og er tenkt lagt til perioden juni – første halvdel av juli. Dette vil i sterk grad avhenge av vass-føringa i Ilva og oppfyllinga av Tesse, og det er derfor nødvendig med ein viss fleksibilitet i høve tidspunktet for når arbeidet kan bli gjort.

Med bakgrunn i dei planane som ligg føre, vil det såleis bli nekta oppstilling av campingvogner på riggplassen frå våren denne sommaren, og fram til arbeidet i elveløpet er ferdigstilt og plassen attendeført til slik den var.

Vedlegg Q-1_D-1 Miljøplan_m_vedlegg_22_2_2017