Opne steinbuer

I Veodalen er det tre steinbuer som er restaurerte slik at dei er brukbare nattelosji. Ved elva Bergenussa er det to buer, om lag 200 m frå vegen til Glitterheim, 2 km innanfor nasjonal-parkgrensa. Den tredje, Saubua, ligg innunder Saubuhaugen ved tråanlegget til tamreinlaget.

I Veslådalen, ca. ein times gange frå Gjendebu, ligg det ei steinbua på andre sida av elva enn turistråket går.

Øvst i Gravdalen, ca. 15 min. gange frå Leirvassbu, ligg det nok ei steinbu. Denne vart restaurert sommaren 2005. (Bildet.)