Utvikling av turisme

Statsallmenningane i Lom er i særstilling når det gjeld turisme og næringsverksemd i tilknyting til dette. Innanfor allmenningen ligg det 13 turisthytter. I tillegg er det meir enn 10 aktivitetsselskap, mange turistbedrifter og andre aktørar som nyttar områda innanfor allmenningen til ulike kommersielle formål.

Tidleg på 1800 talet kom dei fyrste turistane for å freiste bestige dei høge fjella og oppleve roen og naturen rundt seterstølane. Garder og setrer vart nytta til losji, lokale gardbrukerar og tenestefolk var med som kjentmenn. Utover 1800 talet auka interessa, og setrene var snart for små. Allereie i 1836 vart setra på Spiterstulen utvida for å kunne ta imot turistar. Gjendebu vart bygd i 1871 og fyrste huset på Juvasshytta kom i 1884.

Nå i dag er dei to høgste toppane i landet, over halvparten av Noregs toppar over 2000 meter, den urørte naturen, dyrelivet og kulturlandskapet i allmenningen turmål som kvart år trekkjer til seg ei mengd turistar. Turismen og aktivitetar knytt til denne har betydd mykje for næringsutvikling i allmenningen og heile kommunen. Truleg er det over 100 000 som kvart år har eit turmål innanfor statsallmenningane i Lom.