Ledig jaktfelt for hjortejakt

Foto: Åsmund Galde

Jaktfeltet Vårdalen statsallmenning nord for Otta elv i Søre Lia er ledig for innanbygds jaktlag hausten 2017. Kvoten er på to hjortar, 1 fritt dyr og 1 kalv/ungdyr (med atterhald om viltnemnda si godkjenning av kvotane).

Tildelinga vil ikkje få konsekvensar for prioritering ved søknad på ledig jaktfelt att i Leir- og Bøverdalen st.allm. den neste to-årsperioden frå hausten 2018. Jaktlag som ikkje har storviltjakt i noko anna jaktfelt vert prioritert først. Jaktlaget må bestå av minst fire jegerar, og fleire enn halvparten, inklusive jaktleiar, må vera innanbygdsbuande i Lom kommune. Alle på jaktlaget må vera namngjevne med bustadkommune i søknaden.

Elles gjeld dei lokale og generelle bestemmelsane for elg- og hjortejakt vedteke av Lom fjellstyre.

Søknaden sendast på e-post til lom@fjellstyrene.no . Søknadsfrist den 18. juni.