Småvilt

 

Foto: Jørgen Kirsebom
Foto: Jørgen Kirsebom

Dagskvotar for rypejakta 2017-18. 

Med grunnlag i takseringar, observasjonar og inntrykk gjennom sommaren, er det for jaktåret 2017-18 sett ein dagskvote på tre -3- ryper pr. jeger.  Av desse kan det maksimalt vera to -2- liryper pr. dag.  Det vert ikkje sett noko årskvote pr. jeger.

Informasjon om jakttider og jaktreglar finst i informasjonsfolderen. Kartutsnitt over jaktfelt A og B kan lastast ned frå lenka under.

Orienteringsfolder17

Kart felt A  

Kart felt B

 

Innskrenking av jakttida kan bli vurdert gjennomført seinare i jaktsesongen. Dei som løyser sesongkort må vera budde på dette, og det vil ikkje bli refundert for delar av jaktkortet om ei slik avkorting av jakta skjer. Fjellstyret oppmodar jegerane til å spare enkeltfuglar og parfuglar under haustjakta.

Det er hovudsakleg lirype og fjellrype det blir jakta på i statsallmenningen. Rypebestanden har dei siste åra vore varierande, og tiltak som freding av område, avgrensing i sal av kort til utanbygds og «bag limit» har difor vore brukt for å avgrense uttaket.

Det blir selt nokre kort for harejakt med hund og nokre jaktar orrfugl. Bestandane av desse artane er bra, til dels veldig bra med orrfugl i enkelte område. Likevel kan ein nok seia at mengda går på rypejakt, men feller andre artar dersom sjansane byr seg.

 

Småviltjakt utan hund

Utanbygdsjegerar må søkje om jakt dei to fyrste vekene. Vi deler inn i to puljer; første og andre veka. Etter dette er det fritt kortsal. Søknadsfrist 1. april. Søknad sendast på e-post: lom@fjellstyrene.no Skriv ønska periode, navn, adresse, e-post og telefonnr. For jaktlag angje navn på medlemmar. (maks 6 pers.)

Det er fritt kortsal til innanbygdsbuande.

Jakttider

Rype: Jakt utan hund er tillate i tida 15.9. – 23.12 og frå 01.01-28.(29.)02.
Skogsfugl: Jakt med og utan hund: 15.9. – 23.12.
Hare: Jakt utan hund: 15.9. – 28(29).2.

Andre småviltarter som det i forskrift frå DN er gjeve høve til å jakte på i området:
Jaktstart den 15.9. – til den dato som DN har fastsett som jakttid i området.

Fyrstegongsjegerar og jegerar under opplæring.

Småviltjegarar som er under 16 år og under opplæring, og jaktar saman med tilsynsperson, slepp å løyse jaktkort. Tilsynsperson må ha gyldig jaktkort. Fyrstegongsjegerar får gratis jaktkort for småviltjakt. Dette må dokumenterast med bevis for avlagt jegereksamen. Kan ikkje dette leggjast fram, vil kortseljaren avvise kravet om gratis kort, og be jegeren leggje fram dokumentasjon for fjelloppsynet og fremje krav om refusjon for kortet. Fjellstyret oppmodar fyrstegongsjegerar om å jakte saman med ein erfaren jeger dei fyrste jaktturane.

Forskrift og jakt, fangst og fiske i statsallmenning finn du her.