Rovvilt

For jakt berre på smårovvilt kan det kjøpast eit eige kort. Kortet kostar kr 50,- og kan kjøpast på Inatur. Dei som kjøper vanleg småviltjaktkort, treng ikkje løyse dette kortet for å jakte på smårovvilt.

Kortet gjeld for jakt på desse rovviltartene: raudrev, røyskatt, grevling, nøtteskrike, skjære, kråke, ravn, gråmåke og svartbak, samt dei artene det er jakttid på heile året.

Jakttidsplakat_2017-2022

Småviltjegerar under 16 år under opplæring som jaktar saman med tilsynsjeger, slepp å løyse jaktkort. Fyrstegongsjegerar får gratis jaktkort for jakt utan hund, dette må dokumenterast med bevis for avlagt jegereksamen.