Informasjon om beitebruk og gjerding før ny beitesesong

 

 

Beiting Foto: Odd Repp

Rett til beite i statsallmenningen har alle jordbrukseigedomar som ligg i bygd eller grend som frå gamal tid har hatt slik rett. Utøvinga av retten må skje i tilknyting til drifta av eigedomen som jordbruk.

Det er skilnad på beiting knytt til seterdrift, og på lausfe-beiting. Seterbrukarane har ein eksklusiv rett til beitet i nærområda til seterbola. Beitebrukarar kan ikkje sleppa lausfe i eit seterområde dei ikkje har tilknyting til. Dette er i strid med den tradisjonelle bruken og den vanlege rettsoppfatninga. Slepping av lausfe skal skje i eige seter-område eller i hamnestrekningar som tradisjonelt har vore sett på, og nytta som lausfebeite for den grenda beitebrukaren soknar til. Dei typiske lausfebeita vil i praksis seie beite-strekningane som ligg innanfor og høgare enn seterområda.

Problem med at «framande» dyr kjem inn i beiteområde der dei ikkje høyrer til, kan aldri heilt avvergast. Dette vil alltid kunne skje uansett kor intensivt tilsynet med dyra er. Men dyreeigarane har eit ansvar ved sleppinga og saltinga av beitedyra, for ikkje å prege dyra til å gå i område dei ikkje høyrer til i.

TIDSPUNKT FOR BEITESLEPP

Det er i kommunen ikkje fastsett tidlegaste dato for når slepping av beitedyr kan skje, da dette vil variere ein del frå eitt år til eit anna. Slepping av sau medan snøfonnene ennå ligg i seterområda, skaper ofte problem ved at sauen passerer gjerda over fonnene og beiter på seterkveene og dyrkings-parsellane. Dette er lite ønskjeleg, og er eit unødvendig irritasjonsmoment for setereigarane og dei som har dyrkings-parsellar for forproduksjon. Slepping skal ikkje skje før utmarksbeitet er tilfredsstillande.

BEITEVEDTEKTER

Utøvinga av beitet i ein statsallmenning baserer seg mykje på alders tids bruk og hevdvunne rettar, som fjellstyret berre til ein viss grad kan gripe inn i og påverke. Men fjellstyret kan med heimel i fjellova laga reglar for inndeling av allmenningen i beitefelt, fastsetje beitetider og setje avgrensingar av talet på beitedyr av ulike slag innan dei enkelte beitefelt (§16 i fjellova). Og dei kan seie frå om det skal vera høve til beiting med lausfe, og i tilfelle på kva vilkår.

Lom fjellstyre har ikkje utarbeidd beitevedtekter for stats-allmenningane. Dersom beitebruken fungerer godt utan at denne skal vera styrt gjennom vedtekter, har fjellstyret vurdert dette som det beste. Det er krevjande og eit omfattande arbeid å utarbeide beitevedtekter som vert funksjonelle.

GJERDING

Dårlege gjerde og gamle gjerde som ligg til nedfalls, er farleg både for tamme og ville dyr i utmarka. Dei fleste er flinke til å sjå etter og reparere gjerda sine rundt dyrkingsparsellar og seterkveer, men det er også mange eksempel på mangelfullt gjerdehald. Ettersyn av gjerda er spesielt viktig attpå vinteren. Kontroll med at gjerdehaldet er tilfredsstillande, er ein del av oppgavene til fjelloppsynet i berrmarkssesongen, og mangelfullt gjerdehald vert rapportert til Statskog, som gjev festaren påbod om å reparere eller å rydde opp.

Forhold som vert rapporterte er:

  • Nedklengte gjerde
  • Lause gjerde
  • Dobbelte gjerde
  • Piggtråd åleine
  •  «Attgløymde» strømgjerde

Påbod om reparasjon/opprydding som ikkje blir etterkome, vil fjellstyret vurdere å rapportere vidare til Mattilsynet.

Lom fjellstyre ønskjer alle ein god beitesesong.