Hytter og steinbuer

Fjellstyret har ni hytter for overnatting. I delar av året er nokre av desse brukte fast av oppsynsmannskapet og av fegjetarane. Dette gjeld i beitesesongen for Heranosbua, Gjendebua, Geitåbua og Veslfjellbua, og i enkelte periodar Grønbua og Langvassbua. Elles er alle hyttene til utleige.

Hyttene er låst, og leige må avtalast med fjelloppsynet. Innanbygdsbuande har fyrsteretten til leige. Ingen av hyttene har elektrisk strøm. Alle hyttene har vedfyring, og ved og gass inngår i leiga. Hyttene er bra utstyrt med kjøkenutstyr. Leigeprisen ligg i området 450-540 kr. per døgn, varierande med storleiken/standarden på hytta. Innanbygds har 25 % rabatt.

I tillegg til hyttene er det fire steinbuer som er restaurerte og står opne til allment bruk.

Prisar på hytteutleige

Prisar på utleige av fjellstyrehytter.
Gjeldande frå 01.06.2015

Lom fjellstyre er mva-registrert frå 01.01.2012. Utleigepisane er inkludert 10 % mva.

  • Kr 540,-/døgn for hytta ved Bøvertjønnen, Gjendehytta, Langvassbua og Geitåbua.
  • Kr 450,-/døgn for Heranosbua, Grønbua, Storådalshytta og steinbua ved Memurubu.

25% rabatt for innanbygdsbuande.

Hyttene kan bestillast på inatur.