Arbeid med barn og unge

IMG_41142

Sommaren 2015 bygde Lom fjellstyre saman med 4H denne flotta gapahuken ved Dalsvatnet. Her er tilrettelagt med bålplass, og er ei ypperleg base for familietur og fisking. Denne kan alle bruke.

Ein viktig del av arbeidet til fjelloppsynet er informasjon og formidling. Arbeid med å rekruttere barn og unge til friluftsliv, jakt og fiske er ei prioritert oppgåve.

Fjellstyret er i mars kvart år medarrangør på vinterfestivalen «Barske Glæder» på Norsk Fjellmuseum der alle 5. klassingane i Vågå, Skjåk og Lom deltek. Dette er eit fellestiltak mellom dei fleste som er lokaliserte på Fjellmuseet, og Villreinsenteret på Hjerkinn. Fjelloppsynet lærar ungane om reglar for bålbrenning, fyring av bål, og om friluftsliv generelt.Flittige barn

Familiefiskedagen i juni-juli har vore arrangert på Bøverkinnhalsen i mange år. I 2015 vart den avvikla ved den nye gapahuken ved Dalsvatnet. Det vart svært vellykka, og vil sikkert bli der dette året og. Denne dagen er det fisking for store og små som er i fokus, men det er også arrangert natursti med premier til barna. Og det er sosialt med pølsegrilling og kaffekoking ved bålet.

I juli er fjelloppsyna med Wild-X over to dagar til Galdhøpiggen og Dummdalsgrottene i samarbeid med Fjellstyresambandet. Her deltek gjerne 30 -40 ungdomar frå mange land.

På den årlege overnattingsturen til Grønbua i Veodalen med alle 7. klassingane i Lom er elevane med og set ut fisk i Veo og på Steinbuvatnet. Og er dei heldige, får dei delta på prøvefisking. Om kvelden er det fisking og grilling i og ved Grønbutjernet, og om morgon er det opptak og reinsking av fiskegarna, prøvetaking av fangsta og måltid med grilling av fisk slik at alle får ein smak av fangsta. Elevane får orientering om gamle kulturminne i området, om utviklinga av turismen, og om den lange tradisjonen med beitebruk i dalen.