Fjellstyret

Nytt fjellstyre i Lom frå 2015:

Erik Frisvold – leiar, Svanhild Lyngved – nestleiar, Bjørnar Brustuen, Ellen Olasveen og Norvald Hellekveen.

Hinnåte 2013, 35kg
Foto: Odd Repp

Fjellstyret er valt av kommunestyret for 4 år. Det skal vere fjellstyre i kvar kommune som har statsallmenning. Fjellstyret har ansvar for å administrere dei fleste av bruksrettane i statsallmenningene. Dei viktigaste er seterdrift, beite, jakt, fangst og fiske. Fjellova pålegg fjellstyra å administrere allmenningene slik at det fremjer næringslivet i bygda, og tek vare på naturen og friluftsinteressene.

Fjellstyret kan med heimel i §36 i fjellova ansette fjelloppsyn. Fjelloppsynets arbeidsoppgaver er nedfelt i ein eigen oppsynsinnstruks fastsett av Landbruks- og matdepartemanget (delegert til Statskog) i samarbeid med politiet og statens naturoppsyn. Hovedoppgavane er blant anna å utføre nødvendig sakshandsaming og administrasjon for fjellstyret, ha tilsyn med statsalmenningen for statskog som grunneigar, informasjonsarbeid, tilrettelegging, skjøtsel og naturovervaking. Fjelloppsynet skal og utøve tilsyn i forhald til privat- og offentligrettslige regler på statsalmenning og lover nevnt i lov om statleg naturoppsyn. Sjå meir om oppgavane til fjelloppsynet på www.fjellstyra.no/fjelloppsyn/

 

Sjå dokumentarkiv for årsmeldingar, fjellstyresaker og anna informasjon.

Dokumentarkiv