Fjellstyremøte og tur i Gjendetraktene

Gjendebu og traktene rundt ligg i utkanten av statsallmenningen som fjellstyret forvaltar, og er eit område mange lomverar sjeldan eller aldri ferdast i. Det er viktig at fjellstyremedlemene som er valde til å forvalte bruksrettane i allmenningen, er kjent i områda og på dei forholda som gjeld. Både med bakgrunn i dette, og at fjellstyret m.a. har eigne hytter/buer dei har ansvar for i området, vart det innkalla til møte i Gjendebu fredag i førre veka. Dagen etter var avsett til synfaring i nærområdet til Gjendebu, med orientering m.a. om det skjøtselsarbeidet som var utført her dei siste 10 åra, og ein tur oppover Storådalen til hytta fjellstyre har her. Full klaff med veret og god mottaking og tilrettelegging på Gjendebu, trass i storinnrykk av turistar denne helga, gjorde turen svært vellykka.

Dette var elles ikkje første gongen Lom fjellstyre hadde lagt møtet sitt til Gjendebu. Det første møtet Lom fjellstyre hadde utanom «vanlig sted», som det står i den gamle protokollen, vart lagt til Gjendebu. Dette var den 7. sept. 1924, og var i tilknyting til utvisinga av seter med seterkve for Marie Hoft, med «samtlige medlemmer tilstede».

Protokoll for møtet ligg her: Sakene 26-29 – 2017