Fiskekort for Jotunheimen

Foto: Torbjørn Kvien Madsen

ØRRETFISKE I JOTUNHEIMEN – EIN UOPPDAGA RESSURS

Frå hytte til hytte i Jotunheimen med fiskestong? Eller på telttur med sjølvfiska ørret på menyen? Jotunheimenkortet er fiskekortet for alle fiskeinteresserte som vandrar gjennom Jotunheimen.

Dette er eit positivt samarbeid mellom fjellstyra i Vågå, Lom og Luster Austre etter eit initiativ frå Lom fjellstyre. Kortet gjer det muleg for fiskeinteresserte å kjøpe berre eitt kort, og dermed kunne fiske i heile sentrale delar av Jotunheimen.

Kortet gjeld for over 70 små og store fiskevatn og eit ti-tals elver. Det meste av arealet ligg over 900 m.o.h. med fleire av Norges høgast liggande fiskevatn. Tilbakemelding frå gjester i Jotunheimen til fjelloppsyn Odd Repp i Lom er at dei blir forbausa over at det er fisk i så høgtliggande vatn. Og så fin fisk! Auren frå Jotunheimen er kjend for å vere av svært god kvalitet, og oftast raud og fin i kjøttet.

Det er aktiv fiskekultivering i heile området, og det blir jamnleg sett ut settefisk i mange vatn. På nokre få vatn er det stor sjølvrekruttering, og tett av småfisk, t.d på enkelte vatn på Memurutunga. Her er det lett å få fisk, og spennande for dei yngst i familien! Einaste fiskeslaget er aure (ørret).

Prisar: 1-døgn kr 90,-.  3-døgn kr 180,-.   Veke kr 300,-.  Sesong kr 600,-.   Barn under 16 år fisker gratis.

Gode fiskevatn er frå aust mot vest: Bessvatnet, Øvre Leirungen, vatna på Memurutunga, Grisletjerna (Lom fjellstyre har båt til leige), vatna i Raudalen, Langvatnet (Lom fjellstyre har hytte og båt til leige), Leirvatnet, vatna i Gravdalen, Preststeinvatnet.

Kortet er til sals på Inatur, og på dei fleste hyttene og innfallsportane til parken. Meir informasjon på Inatur, og på www.lom-fjellstyre.no